• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Bli med på Panoramamarsjen 11.august 2013!

- turar for alle!

Av IL Veten, Trimgruppa

Vi inviterer til turar frå fjord til fjell i merka løyper på Nordsida. I år som i fjor vil du få utdelt kart og klippekort ved registrering, og du kan legge opp til den eller dei turane du ønskjer.


Utsikt mot aust frå Bergsetnakkjen © Anita Karin Myklebust
Dette er eit årvisst arrangement og oppsamling av poeng vil etter kvart gje utmerking!
Vanskegrada på turane er varierande, og du kan sjølv tilpasse turvalet etter evne og ønskje.

Registrering: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli, ca 20 km vest for Stryn på nordsida av fjorden. Køyr Panoramavegen.
Tidspunkt: Registrering frå kl 09.00. Retur før kl 18.00

Startkontingent:

• vaksne kr 100
• barn kr 50
• familie kr 250
• kart kr 30



Det vil også bli organisert GUIDA TURAR:
A: 5-støylstur; Start kl 12.00: Rosetstøylen – Ulvedalsstøylen- Bergsetstøylen - Indre Sølvbergstøylen - Sølvbergstøylen. Lett tur, ca 3 timar.

B: 2-toppstur; Start kl 12.00: Rosetstøylen – Bergsetnakkjen – Heida – Bergsetstøylen. Middels lett tur, ca 5 timar.

C: Ekstremtur; Start kl 9.00 –Fleire toppar; Desse kan vere aktuelle: Bergsetnakkjen (1133) – Blåeggja (1049) – Holmøyskareggja (1064) - Glitreggja (1297) – Heida (994).

Vi håpar på strålande ver, men mest av alt håpar vi DU kjem og gjer dette til eit kjempearrangement!

Velkomen!




Meir informasjon
Om Panoramamarsjen hjå nordfjord.no
Om Panoramamarsjen i Sommarglade Stryn
Om Panoramamarsjen i Sunnmørstposten sin kalender
Følg oss på Facebook

Isak Bergset vitja alle 19 postane på 8 timar
Isak Bergset vitja alle 19 postane på 8 timar
(Sist oppdatert 29.juli 2013, 21:25)

Gå til nyhendearkiv