Ver med!
Vil ditt lag vere med aktivt på Nordfjord Panorama? Alle lag og organisasjonar langs Nordfjord Panorama kan vere med gratis. De får då ei eiga underside og mulegheit til å redigere denne. Det viktigaste er at dykkar arrangement og nyhende vil bli synleg på framsida på portalen.
Ta kontakt for å få tilgang: post@nordfjordpanorama.no
Gratis ved
Sagehaugen på Bergset
Løyve til å ta ut gratis ved
Kommunen har som kjent opparbeidd nye tomter i Sagehaugen på Bergset. Etter oppmoding har styret i Nordsida Utviklingslag teke kontakt med Stryn kommune om å få ta vekk skog og kratt i feltet slik at det kan presentere seg på ein betre måte. Slik det no er, står det m.a. ein god del granskog m.m. Vi meiner tomtane vert meir attraktive om vi får vekk dette.
Vi har no fått løyve frå teknisk etat.
Det vil seie at dei som ønskjer kan ta ut ved/tømmer slik:
1. Ta bort grantre, kratt o.l.
2. Furutre, einer og bjørk skal ikkje fjernast. Vurder om der er andre fine tre som bør få stå.
3. Greiner o.l. skal leggast i dungar på høvelege stader.
Dette er gratis. Det er ikkje forbod mot å selje vidare som ved eller tømmer. Pass på at du ikkje kjem inn på andre eigarar sin grunn.
Utviklingslaget ønskjer at det vert teke ut så snart som råd. Hugs at målet er å gjere området attraktivt slik at fleire kan tenkje seg å byggje der.
Viss du har spørsmål så kan du ta kontakt med ein av oss i styret for Nordsida Utviklingslag

(Sist oppdatert 04.februar 2010, 16:11)
Kontakt oss: post@nordfjordpanorama.no