• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Bygdas Vel Randabygda/Hopland - Om oss

Historikk



Stiftingsmøtet for velforeininga grendelaget Bygdas Vel Randabygda /Hopland vart halde på Rand Grendahus 2. juni 1995
Reidar Sørland vart vald til møteleiar og orienterte om forarbeidet av interimstyret.
Det vart vedteke at grendalaget ikkje skulle melde seg inn i Norges Velforbund.
Styret skulle bestå av 5 styremedlemmar( Leiar, nestleiar,kasserar, sekretær,styremedlem) 2 varamedlemmar .
Det første styret var: Reidar Sørland,Arnbjørg Tvinnereim,Anne Maren Takle,Jan Ove Hopland,Møyfrid Hopland, vara: Johan Hellevang, IreneKandal. Revisor : Liv Ingrid Iversen Rand vara JonKåre Nesdal.Ny valnemd: Rolv M Tvinnereim, Bjørg Rand, Jartru Hopland,Toril Nesdal.
Halve styret er på val kvart år

Namn på grendalaget er : Bygdas Vel

Saklista på første styremøtet 2. juni 1995:
1. Møte med kandidatar til det nye kommunestyret i Stryn
2. Oppretthalde skulen vår
3. Opparbeiding av byggefelt
4. Vegsamband til Hennebygda
5.Protest mot nedlegging av buss/lasterute til bygda

Vedtekter:
1.Føremål
Laget sitt føremål er å fremje felles interesser å skape samhald og samarbeid i bygda. Laget kan samarbeide med andre lag eller institusjonar om saker av felles interesse. Laget er partipolitisk nøytralt.

2.Medlemskap
Alle som bur på Rand/Hopland eller har eigedom i bygda er medlem. Laget har ikkje kontigent

3.Laget si leiing
Styret:
Laget vert leia av eit styre med 5 medlemmar(leiar, nestleiar,kasserar,sekretær og ein styremedlem).Styret har to vararepresentantar.Styret er vedtaksfør når eit fleirtal av styremedlemmane mellom dei leiar eller nestleiar er tilstades. Vedtak krev alminneleg fleirtal. Leiaren kan nytte dobbelstemme. Alle saker som medlemmane i laget tek opp og all korrespondanse skal leggast fram for styret. Vedtak i styret skal protokollførast. Rekneskapsåret går frå 1/1-31/12.

Medlemsmøte:
Medlemsmøte har ein når styret finn det naudsynt og skal gjerast kjent minst 3 dagar på førehand.

Årsmøte:
Laget sitt øvste organ er årsmøtet. Ordinært årsmøte vert halde innan utgangen av februar månad. Dette skal gjerast kjent minst 8 dagar på førehand. Alle som bur i bygda får tilsendt innkalling.Innkallinga skal innehalde dei sakene som skal opp på årsmøte.
Årsmøte handsamar: Årsmelding,rekneskap,innkomne framlegg, val.
Endringar av vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte og krev 2/3 fleirtal. Det vert valt ordstyrar til å leie årsmøte.Alle vedtak skal protokollførast, og sendast til alle som ynskjer det.
Alle frammøtte medlemmar har røysterett. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt eller minst 1/4 av medlemmane kjem med skriftleg krav om det.

4.Val
Årsmøtet skal velje: Leiar,4 styremedlemmar, 2 vararepresentantar,1 revisor med vararepresentant
Valkomite på 3 medlemmar + ein vararepresentant, eventuelle komitear
Ein styremedlem kan ikkje sitte i styret i meir enn 6 år i samanheng.Leiaren vert vald for eit år om gangen ,styremedlemmar for 2 år.

5.Nedlegging av laget
Om laget skal nedleggast, kan dette skje berre dersom det blir vedteke med 3/4 fleirtal på ordinært årsmøte.
Har laget midlar, skal desse nyttast til beste for felles interesser i bygda.

Styret i laget:
1996:Reidar Sørland,Jan Ove Hopland,Møyfrid Hopland,Anne Maren Takle,Arnbjørg Tvinnereim vara Johan Hellevang,Irene Kandal.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

1997:Reidar Sørland,Jan Ove Hopland,Møyfrid Hopland,Anne Maren Takle,Arnbjørg Tvinnereim vara Johan Hellevang,Irene Kandal.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal
1998:Reidar Sørland,Jan Ove Hopland,Møyfrid Hopland,Anne Maren Takle,Lene Olsen vara Johan Hellevang,Edna Leirvik.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal
1999:Reidar Sørland,Edvar Tvinnereim,Trond Åland,Anne Maren Takle,Lene Olsen vara Edna Leirvik, Oddny Åland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2000:Edvar Tvinnereim,Trond Åland,Oddny Åland,Lene Olsen,Per Henrik Leirvik, vara Edna Leirvik, Toril Lykkebø.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal
2001:Edvar Tvinnereim,Trine Rand,Oddny Åland,Lene Olsen,Per Henrik Leirvik, vara Edna Leirvik, Toril Lykkebø.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2002:Edvar Tvinnereim,Trine Rand,Harald Tytingvåg,Torill Hopland,Astrid Thorsrud, vara Edna Leirvik,Bjarte Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2003:Elisabeth Strøm,Harald Tytingvåg,Inger Johanne Hopland,Torill Hopland,Astrid Thorsrud, vara Edna Leirvik,Bjarte Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2004:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2005:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2006:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2007:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2008:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2009:Elisabeth Strøm,Jan Reidar Tvinnereim, Otto Åland,Inger Johanne Hopland,Eldrid Åland, vara Trond Åland, Dag Finn Hopland.Revisor Liv Ingrid Iversen Rand, Jon Kåre Nesdal

2010: