• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Nordsida barnegospel - Nyhende

Barnefestival 2011

Av Rune Berglid

Barnefestival 2011
26. mars er det barnefestival i Trivselshagen på Sandane!
Kula og Myggen
Barnefestival

Tekst: Hedda Håberg






Vi gjer som i fjor, og arrangerer ein stor barnefestival for heile fylket! Her er barnekor frå heile fylket velkomne til ein kjekk dag med mykje aktivitet! Saman skal vi setje opp musikalen "Å, så vakkert!" av Hans Inge Fagervik, og han vil også vere med heile dagen. Kora har øvd på songane på førehand, men det blir litt øving denne dagen også.

Det skal også vere myldretorg, og her blir det mange ulike aktivitetar som ansiktsmaling, gå inn i eit stjernetelt, lesestund, leik i Noas ark, hobbyaktivitetar, lage eit tre, bibelknask, ulike leikar, uteløype, maskelaging, ein kan bli kjend med personar frå Bibelen, lage ein stor jordklode, Tween Sing-krok m.m. Her kan ungane få med seg mykje forskjellig.

Heile dagen blir avslutta med framføring av musikalen, ein open konsert for alle som vil sjå og høyre!

Påmeldingsfrist er 11. mars, ta kontakt med krinskontoret for meir info!

(Sist oppdatert 03.mars 2011, 17:47)

Gå til nyhendearkiv