• Lote
  • Hennebygda
  • Randabygda/Hopland
  • Fjelli
  • Blakset

Velg bygd over for lokale nyheiter, arrangement og informasjon

Fjelli Ungdomslag - Fjellvarden, ungdomshuset på Fjelli

Fjellvarden

Storsalen i Fjellvarden
Storsalen i Fjellvarden
Fjelli ungdomslag er eigar og står for drifta av huset.

Ungdomshus ligg flott til langs Panoramavegen (mellom Stryn og Lote) på ei høgde med utsikt over Nordfjorden og bygda. Like ved ligg Fjelli Samvirkelag og Nordfjord Fritidssenter



Huset er bygd i 1915 med skikkeleg tømmerveggar og flotte utskjeringar i salen oppe med Magnus Dagestad som arkitekt.

På midten av 80-talet blei huset påbygt og kjellaren totalrenovert med matsal, nytt kjøkken og toaletter.

Huset vart då også tilrettelagt for rullestolbruk.



Huset blir når det ikkje er brukt av bygda, utleigt til ulike arrangement som bryllaup, konfirmasjon og barnedåpar med meir. ( Kontaktpers. Arne M Sølvberg)



Huset har bord og dekketøy til ca 120 personar.



Salen oppe har dekkeplass til ca 100 pers. til middag



Kjøkenet i Fjellvarden
Kjøkenet i Fjellvarden
Utsikta frå Fjellvarden
Utsikta frå Fjellvarden